MOTVIND
Therese Tungen
Therese Tungen

Om forfatteren

Therese Tungen kjem frå Kvam og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho debuterte i 2017 med novellesamlinga «Ein gong var dei ulvar». Boka fekk strålande mottaking, og vart nominert til Ungdommens kritikerpris. Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. Vi gler oss over at Therese Tungen har valt å koma og lesa frå den nye boka si, og for fyrste gong skal ho lesa i lag med musikk! Detta blir spanande.

 

Om «Kjærleik og det som liknar»
For menneska vi møter i denne novellesamlinga er ønsket om nærleik til andre både ei vakker og destruktiv kraft. Magni klarar ikkje å gløyme den vaksne elskaren ho hadde som ung student. Erik kjenner igjen ekskjærasten sin på gata og lurer på om han skal vise seg fram eller gøyme seg. Når Magni sin sambuar dreg til Amerika for å studere, søker ho trøyst i ei bjørnedrakt.
Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at dei tolkar kjærleiken på ulike vis. I «Kjærleik og det som liknar» utforskar Therese Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad, Kor mykje av kjærleiken blir styrt av våre eigne val, og kor mykje er slump eller omstende?

Motvind kulturhelg

Konserten er ein del av Motvind Kulturlag si helgesamling på Harpefoss Hotell, og er gratis for medlemmar av Motvind Kulturlag. Elles kostar konserten 200,- for vaksne og 100,- for ungdom/studentar.

 

Sjå her for meir informasjon om Motvindhelga: https://www.facebook.com/events/701445030367911/
Sjå elles https://www.motvindkulturlag.no/for meir informasjon om medlemskap.

Relaterte prosjekter