MOTVINDHELG

Motvind Kulturlag

Kjære alle medlemmar av Motvind Kulturlag, og alle andre! 22.-24. november arrangerar vi ei helgesamling som inneheld konsertar, litteraturopplesing, samtaler, magasinverkstad, samt årsmøte i Motvind Kulturlag. Vi håpar mange har anledning til å ta turen til Gudbrandsdalen denne helga.

 

Program

Fredag 22. november
13.00 – ope hus, kom når dykk vil
20.00 – konsert med Poing

 

Laurdag 23. november
10.00 – frukost
11.00 – samtale om å arrangere kulturarrangement med Eivind Slettemeaas (Harpefoss Hotell) og Simen Skoe (Øykjelykkjesetra)
13.00 – idémyldring om innhaldet i andre utgave av Magasinet Motvind
16.00 – litteratur og musikk! Therese Tungen les frå si siste novellesamling «Om kjærleik og det som liknar» og medlemmar av Motvind Kulturlag spelar musikk attåt
18.00 – middag
20.00 – årsmøte i Motvind Kulturlag
22.00 – fest

 

Sundag 24. november
10.00 – frukost og mogelegheiter for friluftsaktivitetar utover dagen

 

Arrangementet er gratis for medlemmar av Motvind Kulturlag. For andre så kostar konserten på fredag 200,- (100,- for studentar) og opplesinga på laurdag kostar det same. Men medlemsskap kostar også 400,- og da fer ein ei rekkje fordelar som til dømes Magasinet Motvind vederlagsfritt, plater frå Motvind Records til innkjøpspris, rabatterte konsertbillettar og ei demokratisk stemme i kulturlaget, så det lønner seg altså å bli medlem.

 

Det blir servert mat før, mellom og etter programpostane.

 

Transport
Vy køyrar tog til Vinstra, sei frå så hentar vi dykk der. Det går også buss til Harpefoss, den stopper relativt nærme Harpefoss Hotell.

Overnatting
Ta kontakt med oss så skal vi ordne overnatting på eit vis!