NY KONSERTSERIE ARRANGERT AV MOTVIND KULTURLAG

Harpefoss hotell er i 2019 vertskap for ny konsertserie arrangert av Motvind Kulturlag! Konserten med Lady Hardanger 11. mai blir den første i den nystarta konsertserien der Sørfrøningen Hans Kjorstad presenterer musikk han liker. Konsertserien arrangeres av Motvind Kulturlag, som Kjorstad har vært med å starte, og finner sted på Harpefoss Hotell.

 

«Motvind Kulturlag er ein paraplyorganisasjon som foreløpig omfattar Motvindfestivalen, Motvind Records og Magasinet Motvind. Føremålet med laget er å formidle eit breidt spekter av kulturuttrykk gjennom ulike kanalar, såsom festival, plater, magasin og på sikt bøker, friluftslivarrangement, seminarar og liknande. Vi opererar utan sjangerbegrensingar og brenn for å søkje etter det som har i seg ei kraft som ikkje kan skildrast med språket vårt per i dag, men som alle kan oppleva, uavhengig av kulturell bakgrunn.

 

Samstundes vil vi rette søkjelyset mot at norsk kulturliv i desse dagar vert invadert av slike selskap som Kongsberg Gruppen, Nammo og Equinor. Dette er problematisk, vi meiner at selskap som profitterar på våpen, ammunisjon og olje ikkje høyrar til i feiring av kunst og kultur. Vi oppfattar denne sponsinga som ei reinvasking av selskapa si samvit og ei tildekkjing av deira lyssky geskjefter. Trass i denne høge peikefingerføringa er Motvind Kulturlag framfor alt pro-fred, pro-friheit og pro-kvalitetskunst – vi ynskjer å byggje kultur, ikkje rive ned.»

 

https://www.motvindkulturlag.no/1-2019