Sigurd Hole - konsert og utstilling
SOLO_16-9_public

Lydreise

Velkommen til solokonsert og utstilling med Sigurd Hole på Harpefoss hotell
torsdag 23. mai kl. 18.00!

 

Sigurd Hole reknast som ein av våre finaste musikarar og komponistar, og har dei seinare åra hausta internasjonal anerkjenning for sine nytenkjande album for solo kontrabass. 23. mai får du både høve til å høyre fyrste del av prosjektet Lydreise for solo kontrabass og sjå utstillinga Interobjective Soundscapes i galleriet på Harpefoss hotell (meir om utstillinga lengst ned).

 

I prosjektet Lydreise inviterar komponist Sigurd Hole publikum inn i ei tre-delt musikalsk reise som utforskar vårt minne av lyd. Gjennom tre konsertar på Harpefoss hotell får du moglegheit til å følgje utviklinga av eit musikkverk i tre satsar – med svært lang tid mellom dei ulike satsane! Besetninga blir utvida med ein musikar for kvar konsert. Først solo, så duo, og til slutt trio.

 

Andre konsert i Lydreise 12. september blir ein duo med Sigurd og Helga Myhr på hardingfele, medan tredje og siste konsert 12. juni, 2025 blir dei til en trio med Frode Haltli på akkordeon. Musikken er komponert slik at ulike tema og klangar blir utvikla gjennom dei tre besetningane og skaper samanheng og heilskap. Noko av musikken vil være heilt gjennomkomponert, mens noko vil ha større eller mindre innslag av improvisasjon.

 

Lydreise søkjer å utfordre våre lyttevanar. Musikken vil nok bli spela igjen, men aldri akkurat slik den står fram der og da. Den skal heller ikkje spelas inn og bli utgjeven! Dette er med andre ord ei eksklusiv oppleving på alle måtar. Du kan ikkje trykke play eller «skippe» til neste låt når du vil – du må bli med på reisa!

 

Konsertserien Lydreise er ein produksjon av Musikk i Innlandet og blir spela på fire ulike scener i Innlandet:


– Harpefoss hotell i Sør-Fron
– Klevfos industrimuseum i Løten
– Galleri Tøysentralen på Tolga
– Rendalstunet i Rendalen.

Trykk her for billetter

 

 

 

 

 

 

Interobjective Soundscapes

Vi har og gleda av å presentere musikar og komponist Sigurd Hole sitt pågåande prosjekt, Interobjective soundscapes som er ein paraplyoverskrift for fleire ulike prosjekt med musikk for alt frå solo kontrabass til større ensemble. Filosof Timothy Morton nyttar begrepet interobjektivitet for å skildre noko som inneheldt mange ulike einingar, men som ikkje er mogleg å redusere til nokon av dei (slik som for eksempel global oppvarming).

 

Interobjective soundscapes betraktar opplevinga av lyd og musikk på same måte, og utforskar alt frå visualisering av lyd i partiturform til nytenkjande konsertformer kor publikum fysisk kan røre seg gjennom lyden og inn i dei ulike stemmene i eit musikkverk.

 

Sjølv seier Sigurd om denne delen av prosjektet Interobjective soundscapes på Harpefoss hotell: Før konserten på Harpefoss hotell skal jeg tilbringe noen dager i galleriet for å lage en partiturutstilling med noen av mine grafiske partiturer, spesielt tilpasset solokonserten som spilles i galleriet den 23. mai. Partiturene viser, gjennom alt fra tilnærmet tradisjonell musikknotasjon til mer abstrakte figurer og bilder, flere ulike idéer rundt visualisering av lyden som publikum hører på konserten. Forhåpentligvis kan dette visuelle elementet bidra til å gi konsertopplevelsen en ekstra dimensjon!»

 

om Sigurd Hole

Komponist og bassist Sigurd Holes arbeid kastar lys over dialogen mellom det komponerte og det improviserte i eit utforskande lydlandskap kor blant anna feltopptak kan dukke opp som ei naturleg forlenging av musikken. Resultatet er ein unik musikalsk verden som stadig fleire rettar øyrene mot i både inn- og utland. Han har høsta stor anerkjenning for sine solo kontrabassalbum i medier som The New York Times, BBC, Downbeat og Klassekampen, og spela solokonsertar verda rundt på scener som Carnegie Hall i New York, De Roma i Antwerpen og Konserthuset Stockholm. Forholdet mellom mennesket og naturen går som ein raud tråd gjennom mykje av hans arbeid, noko som kjem til uttrykk blant anna på soloalbumet Lys / Mørke (2020) som bler spela inn utendørs på øya Fleinvær utanfor Bodø, og i ensembleverket Roraima kor feltopptak frå regnskogen i Amazonas nyttast som del av musikken. Roraima vant den gjeve tyske kritikerprisen «Preis der deutschen Schallplattenkritik» i 2022.

 

 

“Sonically expansive, thoughtfully paced music” – The New York Times (Critic´s pick)

“An overlap of the ancientness of folk music, and the ancientness of landscape.” – BBC

“What pushes Hole’s bass work into the realm of the sublime are his refined sense of improvisation and painterly subtlety.” – Downbeat (Best of 2020)

 

https://www.sigurdhole.no/interobjective-soundscapes

 

Salong fossen

Salong Fossen er kuratert av Helga Myhr og Rasmus Kjorstad som begge er aktive musikarar i fleire sammanhenger, og som med sin allsidige musikkbakgrunn har eit ynskje om å trekke gode musikarar og band til Harpefoss. Programmet presenterer nyskapande kvalitetsmusikk innan sjangre som samtidsmusikk, jazz og folkemusikk og presenterar utøverar som er nasjonalt og internasjonalt anerkjende.

Relaterte prosjekter