421842423_7430478733675819_3450181428097061865_n

Helga Myhr (f. 1995) og Rasmus Kjorstad (f.1996) er superduoen som er ansvarlege for Salong Fossen sitt konsertprogram i 2024. Sin unge alder til trass har dei markert seg sterkt med ny norsk folkemusikk gjennom ei rekke prosjekt og plateutgivingar dei siste åra (Morgonrode, Kjorstad Brothers, Reolô og Kvedarkvintetten). Nå som dei har flytt til Sør-Fron og etablerar seg med hus og studio i Øverbygda, har dei like godt invitert eit knippe fantastiske musikarar og band til Harpefoss og Salong Fossen.

 

Vi er utruleg takksame og stolte over samarbeidet med Rasmus og Helga som ynskjer å presentere noko av den finaste nye musikken som blir gjeve ut på plate i desse dagar. Å få presentert nyskapande og nykomponert musikk i levenda live er ikkje noko sjølvsagt, og det med nasjonalt og internasjonalt anerkjende utøvarar som bidreg til ein stadig rikare og meir mangfaldig musikkscene i Gudbrandsdalen.

 

Foto: Johannes Selvaag                           Foto: Signe Luksengard

 

Konsertdatoer 2024:

 

2. februar
Naaljos Ljom

– Musikken deira blir kalla «tradisjonell norsk mikrotonal elektronisk dansemusikk». Med inspirasjon frå Eivind Groven sitt arbeide innanfor reinstemming har dei dukka djupt inn i uttallige gamle arkivopptak i jakta på å ta til seg same tonalitet og rytme som vart brukt for hundre år sidan. Resultatet er forlokkande og forfriskande.

 

18. april
Selma French

– Selma French har vorte kalla «musikk-Norges best bevarte hemmelighet». Saman med bandet sitt spelar ho låtar frå det kritikerroste debutalbumet, «Changes Like the Weather in the Mountain».

 

23. mai
Sigurd Hole

–  Bassisten Sigurd Hole reknast som ein av våre finaste musikarar og komponistar og har dei seinare åra hausta internasjonal anerkjenning for sine nytenkjande album for solo kontrabass.

 

31. august
Maja S. K. Ratkje
(tingingsverk)

– Maja Ratkje er ein av våre største komponistar. Ratkje vil komponere eit verk til Okulus, den nye gangbanen i landskapet ved juvet på Harpefoss.

 

28. september:

Helga og Tanja

– Helga Myhr og Tanja Orning inspirerer kvarandre til å utforske instrumentas klanglege moglegheiter og skaper eit spennande samspel.

 

Konsertprogrammet i 2024 har motteke arrangørstøtte frå Kulturdirektoratet

 

Relaterte prosjekter