HAUGTUSSA – KONSERT

image

22. november kl 19

 

Arne Garborgs diktforteljing Haugtussa kom ut 1895 og er Garborgs største suksess gjennom alle tider. Haugtussa handlar kort fortalt om tenåringsjenta Veslemøy (Haugtussa) som kan sjå huldrefolk, troll, hekser og dei som er døde. Vi møter henne heime på garden, og til fjells som gjetar der ho blir kjærast med Jon. Då Jon svik svartnar det for Veslemøy og øydeleggjande krefter får spelerom. Heldigvis slepp det inn strimer av lys, og det heile munnar ut i eit natte-syn der visdoms volve openberrar seg.
Gjennom harpesong, sylvarspel og gåtefulle klangar fylgjer me Veslemøy frå kvardaglivet heime på garden, gjennom myrke og ljose draumar, og opp på fjellet i møte med Jon.
I orkestreringa av verket har Øyonn nytta av det rike tilfanget instrument som Garborg nemner i Haugtussa. Øyonn sin Haugtussa er utan samanlikning den mest omfattande Haugtussa-songsyklusen som er skapt, nesten to timar langt.
Tekst: Arne Garborg (1894–95)
Musikk: Øyonn Groven Myhren (2018–22)
Øyonn Groven Myhren – song, harpeinstrument, bassleik, seljefløyte
Rasmus Kjorstad – langleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele
Tomas Nilsson – hakkebrett, bjeller, klokkespel, blåhauginstrument
Foto: K. Utler
Billetter 250,-
Honnør 200,-
Student 150,-

Relaterte prosjekter