Foto Nørstegard: Johannes Selvaag
Om prosjektet
Ei klokke frå Ninive, den gamle hovudstaden i Assyria, er rekna som den eldste bronseklokka i verda. Ho er datert til å vera rundt 3000 år gamal. Klokkestøpinga si vogge var i Asia. Hit til Norden kom klokka svært tidleg og i 830 skal biskop Ansgar ha innført bruken av klokker i Danmark og Sverige. I Europa har ein markert døgnet sine timar sidan 600-talet.
Det er fleire som peikar på at det var ringinga med klokker som var overtydande da kristendomen kom hit. Trua vart rett og slett ringt inn i sinna på folk. Dette heng godt saman med det lokale sagnet om Ulvei i Sør-Fron. Ivar Kleiven skriv det slik i Fronsbygdin (1930):
I Skuthella ogofor Kjorstad budde dæ eit jutulkvinnfolk i di utgamle ti’om, førr ‘n Sante-Ola kom og innførde kristendomen her i dala. Ho kallast Ulvei, og da dæ vart bygt kjørkje på Fron og kjørkjeklukkun bar te å ljome utover bygda, vart ho Ulvei så sint, at ho kasta tvo digre gråsteinhello ette kjørkjun.
I prosjektet Matklokker har folkemusikar Rasmus Kjorstad gjort opptak og dokumentasjon av gamle stabbursklokker i Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Kjorstad har i vår arbeidd med eit tingingsverk og matklokkesignal til åpninga av den nye skulen i Sør-Fron i 2026. Til utstillinga på Harpefoss hotell har Kjorstad har invitert med seg Johannes Selvaag til å lage ein fotoserie basert på materialet og gardsklokkene. På utstillinga får ein i tillegg høyre lyden av kvar klokke og eit døme på eit ringesignal.
Klokketårna var forseggjorte og tydelege i landskapet. Dei er karakteristiske og eit blikkfang, noko som gjorde at fotografar frå slutten av 1800-talet ofte har dei i fokus. Såleis står Johannes Selvaag i ein eigen tradisjon med fotoprosjektet av matklokkene i Sør-Fron. Matklokkene representerer handverk og tradisjon, og i det ligg ein parallell i fotografiet som eit handverk som krev tid, tanke og fysisk tilverking. Det kvadratiske formatet gjev au ein naturleg moglegheit til å plassere klokkene sentralt i motiva, som i fotoserien gjev utgangspunkt for å studere både ein forskjell og likskap. Det er berre 12 eksponeringar tilgjengeleg per filmrull, noko som skapar eit nært møte med kvart motiv.
- Grov
- Sygard Grytting
- Solbrå
- Sør-Fron kyrkje
- Nørstegard
- Steig
- Hundorp
- Sygard Listad
Utstillinga står 11. juni til 9. august.
Kjelder:
Henning Andersen og kyrkjeklokker.no
Sør-Fron kyrkje, Sør-Fron sokneråd 1992
Fronsbydin, Ivar Kleiven 1930
Registeringa av matklokker av Fron historielag frå 1990-talet
Relaterte prosjekter







