Foto Leikny Havik Skjærseth(3)

Foto: Leikny Havik Skjærset

Konsert 6. november 2025

Kl. 19.00

Velkome til årets siste Salong Fossen konsert med Astrid Garmo!

 

Astrid Garmo kjem ifrå Garmo i Gudbrandsdalen, og jobbar som frilansmusikar med base i Oslo. I tillegg til å ha føtene godt planta i flatfelemusikken fra heimtraktane, har Astrid også dei siste åra vore ein svært aktiv hardingfelespelar, og ho fordjupa spesielt seg i folkemusikken frå Valdres, Hallingdal og Telemark da ho studerte på Norges Musikkhøgskole i åra 2016-2020. I dag er ho leiar for Bærum Spellemannslag, spelar mykje til dans og er aktiv i grupper på tvers av sjangrer med forskjellige instrument som til dømes feler, gitar, synth og langeleik. Ho er å høyre i folkemusikkorienterte prosjekt som blant anna Pumpegris, Ester og Astrid og LIN, men også som gitarist og vokalist i indierock-banda Clowder og Scoreboard. Astrid si fyrste soloplate, «Sjugurd», kom ut i 2024. Det er eit prosjekt der ho har tolka slåttene til oldefaren sin, Sjugurd Garmo.»

 

Astrid Garmo – fele, vokal

 

Billettar 250,-
Honnør 200,-
Student 150,-

UngInn 50,-

 

Billett kan forhåndskjøoes her: https://tikkio.com/events/59388

Relaterte prosjekter